Årsmøte 2026

Årsmøte 2026

Årsmøte er sett til 12.februar 2026 kl.19:30 i formannskapssalen i Heradshuset.

Årsmøtet startar med informasjon om arbeidet som har vore fokusert på sist år.

Etter informasjonen er det årsmøte med vanlege årsmøtesaker, men denne gangen er ei av sakene forslag om å legge ned utviklingslaget.

Frå vedtektene om årsmøtet:

§ 8 – Årsmøtet 

  1. Årsmøtet er utviklingslaget sitt høgste mynde og skal haldast innan utgangen av mars kvart år. Styret kallar inn til årsmøtet med minimum tre veker varsel. Frist for å melde saker til handsaming er seinast to veker før årsmøtet. Sakliste, årsmelding og rekneskap skal vere tilgjengeleg seinast ei veke før årsmøtet blir gjennomført. Årsmøtet skal leiast av ein ordstyrar som blir valt på årsmøtet. 

Deltaking på årsmøtet er personleg frammøte ved kvart enkelt medlem med stemmerett. Medlemer som ikkje møter kan ikkje gje fullmakt til andre for representasjon på årsmøtet. 

Styret kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte.

  1. Dersom minimum 1/3 av alle medlemer med stemmerett krev dette, skal styret kalle inn til ekstraordinært årsmøte.

Meld deg på nyhetsbrev for å få ein e-post om nye ting