Om oss
Sandane utviklingslag er ei frittståande, partipolitisk uavhengig foreining som har som føremål å arbeide for kulturell, sosial og næringsmessig utvikling av Sandane som tettstad og kommunesenter.
Laget skal representere Sandane og vere eit kontaktorgan mellom innbyggjarane og kommunen si politiske og administrative leiing. Vi skal og delta i sakshandsaminga og vere ein høyringsinstans i saker av særleg viktigheit for lokalsamfunnet.
Medlemskap og stemmerett
Medlemskap er ope for alle som bur eller har fritidseigedom på Sandane.
- Alle medlemmar som er fastbuande på Sandane og over 16 år gamle har stemmerett
- Dei som har fritidseigedom har 1 stemme per gards- og bruksnummer
- For å kunne avgje stemme er at ein er registrert som betalande medlem av utviklingslaget
Deltaking er vidare ope for støttemedlemer til døme lokale bedrifter, bankar, institusjonar og andre lag og foreiningar i lokalsamfunnet. Støttemedlemer har tale og forslagsrett, men ikkje stemmerett.
Du kan enkelt betale eit eingangsbeløp på 200 kroner i Vipps #829633 så er du medlem dei neste 5 åra.

Les meir: https://sandaneutviklingslag.no/bli-medlem/
Styret i Sandane Utviklingslag
Det nye styret valgt på årsmøtet onsdag 10. mars 2025
- Styremedlem: Paul-Rune Daviknes - Leiar
- Styremedlem: Audun Mundal
- Styremedlem: Eve Austrheim
- Styremedlem: Kim Eide
- Styremedlem: Ola Alexander Lilloe-Olsen
Det nye styret konstituerar seg sjølv på første ordinære styremøte.