Sandane utviklingslag vedtok å starte prosess for oppløysing
Sandane utviklingslag heldt årsmøte i dag 12. februar 2026, der det vart vedteke å setje i gang prosess for oppløysing av laget i tråd med vedtektene § 11.
Vedtaket vart gjort samrøystes og med det fleirtalet som vedtektene krev (minimum 2/3).
Bakgrunnen for saka er at styret over tid har vurdert laget si vidare drift. Manglande aktivitet, utfordringar knytt til rekruttering og kapasitet, samt avgrensa føresetnader for vidare drift, gjer det krevjande å oppretthalde laget sitt føremål på ein forsvarleg måte.
Vedtaket på årsmøtet inneber ikkje endeleg oppløysing, men eit prinsipielt vedtak om å setje i gang prosessen slik regelverket krev. I samsvar med vedtektene skal saka realitetshandsamast på eit ekstraordinært årsmøte minst tre månader etter ordinært årsmøte.
Ekstraordinært årsmøte er sett til:
Onsdag 3. juni 2026 kl. 19.30
På dette møtet skal endeleg vedtak om oppløysing fattast, og eventuell fordeling av lagets midlar skal avgjerast.
Som følgje av vedtaket om å starte oppløysingsprosess fall dei resterande sakene på årsmøtet bort.
Styret vil i tida fram mot det ekstraordinære årsmøtet førebu sak om eventuell fordeling av midlar i samsvar med vedtektene.