Vedtekter

Vedtekter for Sandane utviklingslag

§ 1 – Utviklingslag

Utviklingslaget er ei frittståande, partipolitisk uavhengig foreining.

§ 2 – Laget sitt føremål

Utviklingslaget sitt føremål er å arbeide for kulturell, sosial og næringsmessig utvikling av Sandane som tettstad og kommunesenter.

Laget skal representere Sandane og vere eit kontaktorgan mellom innbyggjarane og kommunen si politiske og administrative leiing. Utviklingslaget skal delta i sakshandsaminga og vere ein høyringsinstans i saker av særleg viktigheit for lokalsamfunnet.

Utviklingslaget skal, i samarbeid med kommunen, arbeide for:

  • Å bidra til samarbeid mellom aktørar i det offentlege, næringslivet, kulturlivet og i det private
  • Å fremje eit godt og aktivt miljø og arbeide for trivselsfremjande tiltak som kan bidra til å sikre attraktivitet for innbyggjarar og tilreisande.
  • Å stimulere til næringsutvikling i kommunen gjennom å hjelpe etablerarar og elles legge til rette for betre utnytting av lokale ressursar og moglegheiter.
  • At kommunen sine naturområde blir tatt vare på og nytta på best mogleg måte.
  • Å iverksette andre tiltak for utvikling som utviklingslaget finn ynskjeleg.

§ 3 – Deltaking

Utviklingslaget er eit samarbeidsorgan. Deltaking er ope for alle som bur på Sandane, og personar med fritidseigedom på Sandane. Deltaking er vidare ope for støttemedlemer (både lokale bedrifter, bankar, institusjonar og andre lag og foreiningar i lokalsamfunnet). Støttemedlemer har tale og forslagsrett, men ikkje stemmerett.

§ 4 – Stemmerett

Alle fastbuande på Sandane som er over 16 år har stemmerett. Dei som har fritidseigedom har 1 stemme per gards- og bruksnummer. Ein føresetnad for å kunne avgje stemme er at ein er registrert som betalande medlem av utviklingslaget.

§ 5 – Styret

Utviklingslaget blir leia av eit styre på 5 eller 7 medlemer og varamedlemer. Styret består av leiar, nestleiar, sekretær, kasserer og 1 eller 3 styremedlemer og minst 2 varamedlemer. I tillegg har laget ein valkomité på minst 2 medlemer.

  • Det skal førast referat frå styret sine møter.
  • Alle vedtak protokollerast.
  • Rekneskapsåret følgjer kalenderåret.

Styret skal veljast på det ordinære årsmøtet. Styret konstituerer seg sjølv. Kvart år er halvparten av styret sine medlemer på val. Årsmøtet vel leiar kvart år. Styret bør ha:

  • Representasjon frå ulike delar av utviklingslaget sitt geografiske område
  • Brei alders- og erfaringssamansetning
  • Kjønnsbalanse

Alle som har stemmerett etter § 4 er valbare som medlemer i styret.

§ 6 – Styret sine gjeremål

Styret skal leie utviklingslaget etter vedtektene og årsmøtet sine vedtak. Dersom utviklingslaget har arbeidsgrupper skal desse rapportere til styret. Uttaler i saker skal godkjennast av styret.

Styret kan oppnemne representant til ulike samarbeidsorgan/arbeidsgrupper som utviklingslaget mottar forespurnad om.

For at styret skal ha vedtaksmynde må minst halvparten av representantane vere til stades, inkludert leiar og/eller nestleiar.

Utviklingslaget skal registrerast i Brønnøysundregisteret.

§ 7 – Arbeidsgrupper

For saker styret vurderer å vere av særleg viktigheit for Sandane kan styret sette ned arbeidsgrupper. Arbeidsgruppene skal ha ein leiar som er ansvarleg for å koordinere og rapportere til styret. Storleiken på arbeidsgruppa må vurderast ut frå saka sitt omfang, og skal setjast saman av personar med relevant kompetanse og interesse.

§ 8 – Årsmøtet

1: Årsmøtet er utviklingslaget sitt høgste mynde og skal haldast innan utgangen av mars kvart år. Styret kallar inn til årsmøtet med minimum tre veker varsel. Frist for å melde saker til handsaming er seinast to veker før årsmøtet. Sakliste, årsmelding og rekneskap skal vere tilgjengeleg seinast ei veke før årsmøtet blir gjennomført. Årsmøtet skal leiast av ein ordstyrar som blir valt på årsmøtet.

Deltaking på årsmøtet er personleg frammøte ved kvart enkelt medlem med stemmerett. Medlemer som ikkje møter kan ikkje gje fullmakt til andre for representasjon på årsmøtet.

Styret kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte.

2: Dersom minimum 1/3 av alle medlemer med stemmerett krev dette, skal styret kalle inn til ekstraordinært årsmøte.

§ 9 – Årsmøtet sine oppgåver

Årsmøtet skal handsame følgjande saker:

  • Val av ordstyrar, møtereferent og to til å underskrive protokollen.
  • Godkjenning av innkalling og sakliste.
  • Styret si årsmelding og rekneskap.
  • Andre saker som blir fremja av styret, medlemer eller arbeidsgrupper.
  • Budsjett og arbeidsplanar for komande år etter forslag frå styret.
  • Val av leiar, styremedlemer/varamedlemer og valkomité

§ 10 – Vedtektsendringar

Endring av desse vedtektene kan berre gjerast på årsmøtet, eller på ekstraordinært årsmøte dersom det er sett opp på saklista. Gyldig vedtak krev eit fleirtal av dei avgitte stemmene.

§ 11 – Oppløysing

Forslag om oppløysing av laget må leggast fram som ei eiga sak på årsmøtet. Dersom oppløysing blir vedteke med minimum 2/3 fleirtal, skal saka realitetshandsamast på eit ekstraordinært årsmøte 3 månader seinare. På dette møtet skal også fordeling av eventuelle midlar vedtakast. Forslag om oppløysing må handsamast i styret før ekstraordinært årsmøte.