Gang og sykkelveg frå Sentrum til Bukta (FV 615 Sandane-Storebru)

Gang og sykkelveg frå Sentrum til Bukta (FV 615 Sandane-Storebru)
Utklipp frå arealplaner.no

Etter at det i mange år er jobba med å få til ein gang- og sykkelveg på strekninga frå sentrum til Fitje, har ein no starta med detaljregulerinssplan på strekninga sentrum, frå Vonheim, til Storebrua. Detaljreguleringsplanen har vore lagt ut på høyring. Sandane Utviklingslag hva vore i møte med folk frå planleggingskontoret i fylkeskommunen der ein hadde eit godt møte med info om kva som er tenkt gjort på denne traseen og ein fekk avklara ein del spørsmål.

I samsvar med plan- og bygningslova §12-8 vart det varsla oppstart av detaljregulering for fv. 615 Sandane – Storebrua i Gloppen. Vestland fylkeskommune skal i samarbeid med Gloppen kommune utarbeide ein detaljreguleringsplan for fv. 615 Sandane - Storebrua. Høyringsfristen var sett til 25. oktober 2023.

Sandane Utviklingslag har sendt inn høyringsuttale der vi blant anna peika på at ein må ta vare på dei snarvegane som allereie er etablert, ha god kryssingspunkt, for eksempel ned mot Elvaneset bustadfelt og ha gode støytiltak. Sandane Utviklingslag er også opptekne av at ein skal ha trygg skuleveg.

Høyringsuttala finn du under:

Meld deg på nyhetsbrev for å få ein e-post om nye ting