Korleis bør Sandane utviklast som reisemål og ein tettstad vi trivast i?
Gloppen Næringsorganisasjon inviterte til workshop om framtidig reiseliv på Sandane – og dette var eit viktig tidspunkt for å løfte blikket og tenkje langsiktig.
Sandane har eit stort potensial som reisemål for trivsel, velvære og kvalitet. Verdiar som vi alle som bur her også har glede av:
Nærleik til fjord, fjell og Trivselsskogen, trening, bading og sauna, gode matopplevingar basert på lokale råvarer, berekraft, kultur og eit levande sentrum.
– ikkje volum, tempo og gjennomstrøyming
Sandane Utviklingslag spelte inn desse perspektiva i workshopen, der det var mange engasjerte som deltok.
Utvikling handlar ikkje om ja eller nei – men om kva slags utvikling vi ønskjer.