Sandane: Fjordlandsbyen
- https://www.hza.no/sandane
- https://www.pushak.no/sandane
Gloppen kommune
Gloppen kommune hadde i 2017 ei parallellt arkitekturoppdrag for «Fjordlandsbyen». Prosessen involverte fagfolk og folkemøte for å finne fram til ynskje, behov og prinsipp som danna grunnlaget for kommunen sin reguleringsplan for åra framover.
Kommunens reguleringsplan, som blei utforma i etterkant tek med bidraga når dei vurderar utvikling av nye byggeprosjekt og endringar på Sandane.
Arkitektane har lagt fram fleire forslag til korleis Sandane kan utviklast til å vere tettare utbygd og forme sentrum som ein møteplass.
HZA
Tverrsnittsillustrasjonane viser situasjonen i dag: Folk vert pressa ut frå sentrum på grunn av dei store, opne areala som i dag er reservert for parkering og lagerbygg.
Alternative tverrsnitt illustrerer korleis eit samanhengande nettverk av bygg og opphaldssoner kan utvida og forbetra opphalds- og aktivitetsområda i sentrum, slik at det vert ein triveleg stad å bu og opphalda seg.



Klikk for å se større bilde, kilde: hza.no
Tverrsnitta gir også meir konkrete detaljar om korleis Sandane kan utviklast frå udefinerte soner – som i dag ikkje vert nytta og ikkje opplevast som trygge – til ein aktiv opphalds- eller aktivitetsplass som skapar meir liv.
Sona mellom Fargarhuset og den gamle brannstasjonen vert problematisert. Ho inneheld i dag primært ein bilveg, parkering og ein smal gangsti, medan den resterande bredda er udefinert, dårleg utnytta og utrygg for folk å ta i bruk.
Ein alternativ utforming gjev tryggare gangstiar, parkering og fleire soner for aktivitet, i same breidd. Dette er eit flott eksempel på korleis ein kan nytta plassen i sentrum på nye og meir effektive måtar.


Klikk for å se større bilde, kilde: hza.no


Arkitektane har sett på korleis ein kan laga samanhengande transportårer for dei mjuke trafikantane på Sandane. Dei ser for seg ei hovudåre frå sjøen til Firda og Trivselshagen for å knyte saman dei to aktivitetssentra på Sandane.
I sentrumsområdet ser ein også fleire mindre transportårer for å knyte saman butikkar, bedrifter og soner i den nye visjonen.
Sjøpromenaden og gangvegen strekkjer seg på tvers av heile nedsida av sentrum mot sjøen.




Klikk for å se større bilde, kilde: hza.nos


Klikk for å se større bilde, kilde: hza.nos
Bygningsretning er viktig for å unngå at bygg blokkerer fjordutsikten frå sentrum, som er eit felles gode. Ved å bruke vinklar og plasseringar av bygg kan ein skape opphaldssoner og utsikt som kjem flest mogelege til gode.
Offentlege tilbod i sentrum er viktige for at sentrum skal vera ein triveleg opphaldsstad. Ein ser for seg idrett, kultur og mattilbod ned mot fjorden.





Klikk for å se større bilde, kilde: hza.no



Illustyrasjonar av fjordpromenade og aktivitet langs fjord Klikk for å se større bilde, kilde: hza.no
Lala Tøyen/Pushak
Dei andre arkitektane i oppdraget påpeika mange av dei same utfordringane i dagens utforming av Sandane, og kom med eigne forslag til korleis framtidig utvikling kunne løyse problema dei såg i dag.
Løysinga er kanskje den mest dramatiske, kor dei fjerner bilvegar der dei er i dag, og illustrerer ein kanal inn i fjorden for å bokstavleg talt få fjorden fram til folk.

Pushak illustrerer og korleis bilane bryt opp trafikkmønsteret for dei gåande og skapar eit utrygt sentrum for dei som oppheld seg. Slike observasjonar brukar dei for å grunngje løysingsforslag i korleis sentrum kan utvikle seg.


Klikk for å se større bilde, kilde: Pushak
Dei utmerkar og løysing for effektive og trygge transportvegar for syklistar. I sentrum, inn til sentrum og ut av sentrum. Parkering sentrerast så langt det går på 3 stadar for å skape den trygge sona for syklande og gåande illustrert over.

Arkitektane peikar og på dei mange rollene som speler inn i å forme ein stad, og kva ansvar og oppgåver som ligg på forskjellig stad i samfunnet.

Liknande tverrsnitt og hensyn til utsikt og tilgang til fjorden finn man og i dette løysingsforslaget.


Klikk for å se større bilde, kilde: Pushak
Konseptet frå arkitektane var meint å kunne brukast i arbeidet reguleringsplanen, men var ikkje forpliktande. Dei er laga for å gje inspirasjon og retning i arbeidet med å regulere og vurdere framtidig eigedomsutvikling i sentrum.
I slutten av arkitektoppdraget blei forslag frå arkitektkontora HZA og Lala Tøyen/Pushak vurdert av ein evalueringskomité (kommunepolitikere, fylkeskommune, Statens vegvesen, næringsliv m.fl.) som vurderte begge forslagene og ga sju konkrete anbefalinger til kommunen. Eksemelvis flytting av busstermninal, satsing på fjorden, redusert biltrafikk, prioritert handlingsplan.