Sterkt engasjement for utviklinga av Sandane sentrum

Sterkt engasjement for utviklinga av Sandane sentrum

Det har vore eit stort engasjement rundt planane for utviklinga av Sandane sentrum. Ved høyringsfristen er det registrert 110 innsende høyringssvar i saka, i tillegg til at 458 personar så langt har skrive under på underskriftskampanjen.

Dette viser at utviklinga av sentrum engasjerer mange – og at det er eit sterkt ønskje om å vere med og påverke korleis Sandane skal utvikle seg vidare.

Prosjektgruppa vil rette ein stor takk til alle som har teke seg tid til å sende inn høyringssvar, skrive under på kampanjen, dele informasjon og på andre måtar bidra til engasjement og debatt.

Takk for innsatsen!

Arbeidet held fram

Arbeidet held fram, og det er framleis mogleg å støtte saka.

Prosjektgruppa vil no bruke det som har kome fram gjennom høyringssvara og underskriftskampanjen som grunnlag for det vidare arbeidet. Vi vil ta kontakt med dei politiske miljøa i Gloppen for å presentere innspela og synspunkta som har kome fram, og arbeide for at dei blir tekne med i den vidare politiske behandlinga av saka.

Målet er ikkje berre å peike på det vi meiner bør endrast, men å bidra konstruktivt til ein god og framtidsretta utvikling av Sandane sentrum.

Engasjementet har gjort ein forskjell. No held vi fram arbeidet.

Meld deg på nyhetsbrev for å få ein e-post om nye ting