Vil du vere med å forme framtida til Sandane sentrum?

Vil du vere med å forme framtida til Sandane sentrum?

Sandane står framfor viktige val. Korleis skal fjordfronten utviklast? Kva slags sentrum ønskjer vi å overlate til komande generasjonar?

Levande Sentrum er ei arbeidsgruppe under Sandane Utviklingslag som ønskjer å samle innbyggjarar som bryr seg om utviklinga av kommunesenteret vårt. Vi meiner Sandane fortener eit levande, attraktivt og framtidsretta sentrum – med gode møteplassar, aktivitet og bygg som vender seg mot menneska og fjorden.

No er forslaget til detaljregulering for fjordfronten lagt ut til 2. gongs høyring. Dette er ei sak som vil prege sentrum i mange tiår framover, og difor ønskjer vi å bidra til at flest mogleg set seg inn i saka og deltek i den demokratiske prosessen.

Kvifor engasjerer vi oss?

Planforslaget, som er utarbeidd av Kibsgaard-Petersen AS på vegner av FICO AS, inneber mellom anna at utbyggingsområdet lengst nord blir endra frå sentrumsføremål til forretning/kontor. Samstundes blir det opna for eit bygg på berre éin etasje.

Etter vårt syn kan dette føre til at ein får ein tradisjonell matvarebutikk med lite aktivitet mot fjorden, parkeringsareal og varemottak på ei av dei mest attraktive tomtene i sentrum.

Dette bryt med fleire av prinsippa som ligg til grunn for den vedtekne områdereguleringsplanen. Denne planen byggjer på arkitektkonkurransen «Den urbane fjordlandsbyen» frå 2017 og legg opp til mellom anna:

  • bygg med minst to etasjar
  • aktive fasadar som skaper liv i sentrum
  • ei utvikling som styrkjer samanhengen mellom sentrum og fjorden.

Vi meiner det er viktig at dei langsiktige prinsippa som kommunen har vedteke gjennom ein grundig og demokratisk planprosess blir lagde til grunn også når konkrete prosjekt skal realiserast.

Kva arbeider vi med?

Arbeidsgruppa "Levande sentrum" ønskjer å:

  • informere innbyggjarane om plansaka
  • oppmode flest mogleg til å sende inn høyringssvar
  • bidra til ein open og sakleg samfunnsdebatt
  • synleggjere kvifor eit levande sentrum er viktig for framtida til Sandane
  • vere ei positiv stemme for god sentrumsutvikling.

Vil du vere med?

Vi ønskjer fleire engasjerte innbyggjarar velkomne. Du treng ikkje vere medlem i Sandane Utviklingslag for å ta kontakt eller bidra med idear.

Ta gjerne kontakt med ei av oss i prosjektgruppa:

Les høyringsdokumenta

Forslaget til detaljregulering for fjordfronten finn du på nettsidene til Gloppen kommune. https://arealplaner.no/gloppen4650/arealplaner/121?term=fjordfron

Meld deg på nyhetsbrev for å få ein e-post om nye ting